Screen Shot 2015-09-06 at 11.23.27


kitchen orchestra + Phonetic Orchestra (AUS)

Kitchen Orchestras 10 årsjubileum vert feira med fleire konsertar og hendingar i løpet av året, og ei av dei er i samarbeid med The Phonetic Orchestra som kjem langveis heilt frå Australia. Det unge orkesteret har plukka opp at det finst eit norsk orkester på andre sida av jorda som driv med den same estetikken, og med hjelp frå det australske kulturdepartementet, kjem dei no for å vitje sine medmusikarar i nord.

 

Det australske orkesteret vart starta i 2012 og siktar på å utforske relasjonen mellom notasjon og lyd, eit forhold som stadig er i utvikling. Orkesteret foreiner musikarar med bakgrunn frå klassisk musikk, samtidsmusikk, elektro-akustisk musikk og eksperimentell improvisasjon for å kunne skape ein palett som kan utforske forholdet mellom improvisasjon og komposisjon. The Phonetic Orchestra ynskjer å samarbeide med australske og europeiske ensemble og komponistar som står i bresjen for denne utviklinga. Dei har tidlegare samarbeida med Jim Denley, Peter Knight (Australian Art Orchestra), Eugene Ughetti (Speak Percussion), Dale Gorfinkel og Christian Windfeld.

 

Saman skal dei to orkestra foreinast i eit musikalsk uttrykk som boltrar seg i mangfaldet av musikalske palettar frå samtidsmusikk og improvisasjonsmusikk. Det vert ei musikalsk oppleving av dei heilt sjeldne, eit musikalsk verdsvindauge kor to sterke uttrykk frå kvar si side av jorda møtest i Stavanger.

 

Hør et utdrag fra konserten på soundcloud.

 

Line-up Kitchen Orchestra:
Didrik Ingvaldsen – Trompet
Dominique Brackeva – Trombone
Arild Hoem – Altsaksofon
Johan Egdetveit – Akkordeon
Dag Magnus Narvesen – Trommer

 

Line-up The Phonetic Orchestra:
Jon Heilbron – Double Bass
Callum G’Froerer – Trumpet
Reuben Lewis – Trumpet
Simon Charles – Electronics
Brett Thompson – Guitar
Jenny Barnes – Voice
Andrew Butler – Piano
Jon Smeathers – Electronics
Michael McNab – Drums

 

Prosjektet er støtta av Det australske kulturdepartementet, Fond for utøvende kunstnere og Norsk Jazzforum. Kitchen Orchestra er støtta av Norsk Kulturråd og Stavanger kommune.

MASKINHALLEN
Tou scene

08102015