mfc


Kitchen Orchestra + Maria Faust (EST)

Kitchen Orchestra har i dei siste åra knytta til seg eit større og større nettverk av musikarar, improvisatørar og komponistar frå heile verda. Ein av desse er estiske Maria Faust.
Faust kom på kartet til Kitchen etter at plata Maria Faust Jazz Catastrophe (Barefoot Records 2013) fann vegen til kitchentrommeslagar Dag Magnus Narvesen sine høgtalarar. Inntrykket var ikkje til å kome vekk frå og sidan då har Kitchen Orchestra arbeidd for å kunne invitera Faust til bords. Vel fortent har Faust sidan den tid vunne fleire prisar og nominasjonar for arbeidet sitt som både komponist og musikar.

Faust representerar noko eige og unikt i europeisk samanheng, tross sin relativt unge alder som komponist, og føyer seg naturleg inn i rekka av sterke musikalske stemmer som Kitchen Orchestra har samarbeidd med. Eit naturleg og spennande val i høvet tiårsjubileet til Kitchen Orchestra. Eit bidrag til vindauget mot verda for stavangerpublikummet. Og kva er vel meir naturleg enn å presentere eit slikt prosjekt på årets Maijazz-festival?

 

Maria Faust

Maria Faust er ein estisk komponist og saksofonist som er basert i København. Ho er mest kjend frå improvisert musikk, moderne storband og andre alternative og progressive jazzsjangrar. Tonespråket hennar er moderne og spennande, og med lyriske og sterke melodiske elementar balanserar ho stykkene sine på knivseggen mellom det ruskete og vakre.

Faust er òg aktiv medlem og medgrunnleggjar av plateselskapet og kollektivet Barefoot Records og New Nordic Sounds.

I løpet av dei siste åra har Faust fått fleire prisar og nominasjonar, mellom anna fekk ho prisane “Jazz Composer of the Year” og “Crossover Record of the Year” frå  Danish Music Awards for utgjevinga Maria Faust Sacrum Facere (Barefoot Records 2014). Plata Maria Faust Jazz Catastrophe (Barefoot Records 2013) vart i 2013 nominert til Composer of the Year” av Danish Music Awards og til Jazz Composer of the Year” og Best Cover Art” av Estonian Music Awards.
Maria Faust leier fleire ensemble, speler både solokonsertar og deltek òg i mindre konstellasjonar med musikarar frå heile verda. Ho har opptrådd på fleire festivalar og turnéar både i Europa og resten av verda.

Spor 5

07052015