_kitchen_NU


Kjøkenet er staden å vera

Er det tilfeldig at Kitchen Orchestra og Gastronomisk institutt er heimehøyrande i Stavanger? Spørsmålet kan stå ope. Har oljehovudstaden eit kreativt gen som gjer byen til eit kunstnarleg tyngdepunkt både innan musikk og film? Å finna ei enkel forklaring på kvifor Stavanger har ein slik posisjon lar seg vanskeleg gjera, men at byen for tida er eit kraftsentrum innan improvisasjonsmusikken kan i stor grad tilskrivast Kitchen Orchestra. Det meste av det som skjer på dette musikkfeltet graviterer rundt bandet.

 

Det som byrja med eit initiativ frå Gunhild Seim og Nils Henrik Asheim med invitasjon til den danske saksofonisten og komponisten Lotte Anker i 2005 har blitt til ti kreative år med stadig nye Kitchen Orchestra-prosjekt. I eit intervju med Stuart Nicholson i Jazznytt understrekar den eine av orkesterets to trommeslagarar, Dag Magnus Narvesen betydinga av det første initiativet: «Lotte Anker ga oss en flying start musikalsk.»

 

Tilfeldigheiter spelar ein større rolle i tilværet enn ein likar å tru, og Kitchen Orchestra var ikkje i si spede byrjing eit resultat av ein ‘masterplan’. Likevel var det noko som utvikla seg med stor kraft og entusiasme fordi det latente behovet var der. Orkesteret blei eit fleksibelt svar på dette behovet. Fleksibilitet har vore eit nøkkelomgrep. Ikkje berre har dei ulike orkesterleiarane og komponistane som er blitt invitert opp gjennom åra, kunna boltra seg i ulike besetningsalternativ. Orkesteret har kunna gje dei ulike medlemmene eit breitt spekter av musikalske utfordringar. Likevel er det ikkje presist å kalla Kitchen Orchestra eit regulært ensemble. Kanskje er musikarpool ei betre nemning. Sinfonietta blir brukt i klassiske krinsar, men Kitchen Orchestra har det vore frå dag ein, og Kitchen Orchestra skal det vera. Ein tuklar ikkje med ei merkevare!

 

Energien og fleksibiliteten i orkesteret har teke dei til stadig nye initiativ og arenaer. Julekonsertar og juleplater i vinyl med Pål Jackman (“Jul (i sin helhet) på Jæren”)og Janove Ottesen (“Pumper Julen Rett Inn”) var kanskje ikkje det grunnleggjarane hadde sett for seg, men i dag høyrer det naturleg til under den romslege Kitchen-paraplyen. Både desse initiativa og «Lydsafari» i samband med opninga av det nye konserthuset i Stavanger er med å gje Kitchen Orchestra ein plass i medvitet hjå siddisar flest. Når offentlege budsjett skal vedtakast, er ikkje slikt heilt utan betyding. «Lydsafari» var elles eit spanande prosjekt komponert av Asheim og framført av orkesteret på seks ulike tidspunkt og seks ulike stader i og rundt det nye konserthuset.

 

Kitchen Orchestra gjev dei einskilde medlemmene utfordringar og høve til utfalding. Gjennom work shops med pedagogiske krefter rekruttert frå eigne rekkjer, gjev bandet seg sjølv stadig nye impulsar. Bandet har ikkje berre mange fine ensemblemusikarar og improvisatorar, men her er også samla årevis med pedagogisk erfaring. Gunhild Seim har vore eit sentralt medlem i orkesteret frå første dag, og med hennar bakgrunn som instruktør for Stavanger og Sandnes ungdomsstorband var det naturleg å fronta eit samarbeid saman med Gaute Vikdal mellom Jåtten skolekorps og Kitchen Orchestra. Jåtten Goes Miles» heitte programmet dei gjorde i lag i Maskinhallen på Tou Scene 13. juni 2012. Dette er eit konkret døme på ein del av profilen til orkesteret der målet er å byggja alliansar i nærmiljøet. «Barn er så åpne av natur, derfor er det så kjekt å jobbe sammen med de, både med å improvisere og gjøre artige ting med musikken, sa Seim til Rogalands Avis ved det leitet.

 

Den breie kontaktflata og dei mange alliansane og forbindelseslinjene er naturlege og kanskje heilt naudsynte i eit relativt lite musikkmiljø som det Stavangerske. Uansett, Kitchen Orchestra er blitt eit kreativt sentrum som det er naturleg for mange å venda seg til, og heldigvis for Stavanger er miljøet nett så udogmatisk at Kitchen Orchestra får høve til å vera surdeigen som set i gang kunstnarlege gjæringsprosessar gong på gong.

 

Eit anna musikkfelt som har hamna i bandet sin ‘eltebolle’ er barokkmusikken. I mai 2013 samarbeidde Stavanger barokk med Stine Motland, Petter Frost Fadnes, Vidar Schanche, Didrik Ingvaldsen, Johan Egdetveit, Thomas Bang frå Kitchen Orchestra under leiing av Nils Henrik Asheim på Nordischer Klang i Greifswald i Tyskland.

 

Ein nøkkel til å forstå den kunstnarlege suksessen til Kitchen Orchestra ligg i det tilhøvet det er mellom medlemmenes engasjement i Kitchen Orchestra og eigne prosjekt. Det vil sjølvsagt oppstå lojalitets- og prioriteringskonfliktar, men det er tydeleg symbiosen som er det mest markante trekket i tilhøve mellom Kitchen Orchestra og underskogen av eigne prosjekt medlemmene har. Her er det snakk om å tilføra impulsar og ikkje tappa for energi.

 

For ein som ser det heile utanfrå og berre kjenner Kitchen Orchestra frå festivaljobbar, er det dei mange vellukka prosjekta med t.d. Evan Parker, Keith Tippett og Alexander von Schlippenbach som identifiserer bandet. Heile tida medan eg har skrive denne artikkelen har CD-en «Kitchen Orchestra with Alexander von Schlippenbach» stått på. Det har blitt ein del gjennomspelingar og ei kjærkomen påminning om kva slike musikalske møte kan resultera i når kjemi og alt det andre klaffar. CD-en er ei Sareptas krukke, eit overflødigheitshorn, ei utømeleg kjelde. Her er fullt øs i fri form, supertight ensemblespel, skitne groovar og pludrande trombonesamtalar.

 

Jubileumsåret skal feirast med eit møte med Lotte Anker. Eit gjensyn med henne som gav bandet ein kickstart for 10 år sidan er ei naturleg opning på jubileumsåret. På Maijazz møter dei den estiske komponisten og saksofonisten Maria Faust. Like born leikar best. I oktober er det duka for møte mellom Kitchen Orchestra og australske The  Phonetic  Orchestra. Samarbeid med musikarar frå romanitradisjonen i prosjektet Phuterdo  Øre står for tur i juni med gjenvisitt i Slovakia i november. Så er det ny julekonsert, og eit tingingsverk av Geir Lysne under Maijazz i 2016. Det putrar sånn til dei grader på kjøkenet – til glede for Stavanger og heile kongriket. Til lukke med jubileet!

 

– Lars Mossefinn

13092015